lørdag 17. januar 2009

Brennkoppar

Even har da fått brennkoppar han stakkars guten. Vi fekk beskjed med barnehagen torsdag at dei trudde han kunne ha det, so da bar det rett på legen. Og brennkoppar var det. So da var det berre å bjynt me antibiotika. So natta til fredag var av den ganske so urolige typen. Fredag var barnehagen stengt, so da va Even me mormor, der han overnatta til laurdag.

Brennkoppar
Brennkoppar er ein hudinfeksjon valda av bakteriar. Dei startar ofte som små sår rundt munnen som ikkje vil gro, for så å spreie seg ut over andletet og kroppen. Brennkoppar utviklar seg der bakteriane kjem inn i rifter eller sår på kroppen og er difor særs smittsamt. Barnet bør haldast heime til såret/utsletta er tørre. Eventuelt må såret dekkjast heilt til slik at andre som er i kontakt med barnet ikkje vert smitta. Viktig med god handhygiene.

Ingen kommentarer: